Domestiserte dyr

Domestiserte dyr

Det Norske Samlaget

  • 210 kr

Kun 1 igjen

Domestiserte dyr. Feiring av skilsmisse, arv og død Dei tre monologane i denne romanen krinsar om skilsmisse, arv og død, og måtane slike hendingar på ein paradoksal måte blir markerte på. Ei eldre kvinne talar til ei yngre i kvar del. I «Skilsmissefesten» er det Ekhindra, alle monstrer si mor, halvt slange og halvt menneske, som fører ordet. I «Arvefesten» er det Athene, krigsgudinna, gudinna for rettferdige krigar, som fører ordet. Og i «Makuleringsfesten» er det Mania, dødsgudinne og personifiseringa av galskap, som fører ordet. Alle delane er lagt til det moderne Norge. Arild Rein (f. 1960) debuterte i 1998 med romanen Hundedagane, første band i «Stavanger-trilogien». Reins kompromisslause og samstundes svært underhaldande tekstar, er kritiske analysar av det norske samfunnet, der han frå stadig nye vinklar går uredd bak fasadane for å undersøke drivkreftene og årsakssamanhengane, og slik lar lesaren stå ansikt til ansikt med råskapen i samfunnet og dei mørkaste avkrokane av menneskenaturen.

Forfattere: Arild Rein Utgave: 1 utg.
Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 287
ISBN: 9788234006777 Vekt: 380 g
Forlag: Det Norske Samlaget Innbinding: Innbundet
Utgitt: 2021 Veil. pris: 429 kr
Kategori: Diverse
[code] [/code]
Salg

Unavailable

Sold Out